søndag 7. desember 2008

Referat frå U-16, 7.desember: Tambar 1

Tambar 1 gjennomførte ei fin turnering på det jemne i Naustdalshallen søndag 7.desember. Vi prøvde m.a. ut litt andre posisjonar, og anna form for mottak. Gunn Elisabeth fekk endeleg teste foten sin i ei turnering, trur det var kjekt å vere litt i gong att :)

Vi slit framleis med gode nok mottak både på gratisballar og serv. Det gjer at vi ikkje får slått så mykje som vi skulle ønske. Elles var det meste ganske bra innsats og konsentrasjon.

Desse spelte på Tambar 1: Annette Kalland (94), Astrid Marie Erdal (94), Gunn Elisabeth Hukseth (94), Marina Gjøringbø (93), Randi Horstad (93), Silje Undal (93), Caroline Helle (93) og Oda Heggedal Longvastøl.

Kampresultat:
Tambar 1 - Jølster: 2-0 (25-9, 25 - 13)
Tambar 1 - Førde 2: 2-1 (21-25, 25-14, 15-12)
Tambar 1 - Førde 1: 2-0 (25-19, 25-11)
Tambar 1 - Tambar 2: 2-0 (25-14, 25-10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar