tirsdag 9. desember 2008

Referat frå 1.div. rankingturnering i Bergen

Ranking turnering 1.div. Bergen 05.-07.12 08

Vi var i samme pulje som i Lier og satsa på å slå Oslo volley 2 for å komme vidare til kvartfinale. Vi møtte eit sterkt redusert Oslo lag, beståande av kun 6 spelarar med ex-Tambarspelar Randi Marie Hukset i spissen. Det gjekk greitt, vant 2-0 med settsifra 25-14 og 25-22. Då var det puljefinale mot leiarlaget Stod. Det blei vår beste kamp for helga. Vi spelte jamt og godt mot dei men tapte 1-2 etter ein spannande kamp. Settsiffer: 24-26, 25-17 og 12-15. Men vi var vidare til kvarten, kor vi møtte Dragvoll frå Trondheim. 1.settet tok dei med ein klar ledelse, Sturle bytte inn på Trude og Frida og vi var oppe i 17-18, men tapte settet 23-25 og det andre 19-25. Då blei det spel om plassane 5.-8. på søndag. Møtte Austrått frå Sandnes først på søndag og det blei ein jamn kamp, men vi spelte ikkje godt og dei meir rutinerte Austråttspelarane vann 2-1, etter sett 19-25, 26-24 og 11-15. Kampen om 7. og 8. plassen blei mot Stod igjen som ikkje hadde hatt ei god turnering, men dei var totalt overlegne mot oss og vant lett 2-0, 15-25 og 14-25. Alt i alt litt skuffande, men vi fekk 22 ranking poeng og ligg trygt plassert på 7. plass på rankingen. Av totalt 13 lag.
Tabell på www.volleyball.no 1.div, ranking 08/09.

Sturle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar